Konfirmasjon 2021? NB! Oppdatert info

Konfirmasjon 2021? NB! Oppdatert info

Tysdag 19. mai klokka 18.00 er det informasjonsmøte om frikyrkjeleg konfirmasjon i Volda. NB! Møtet vart først annonsert som nettmøte, men no vil vi legge til rette for å ha møtet i Frikyrkja. Dei som fortsatt helst vil vere med på møtet gjennom skjermen kan fortsatt gjere det. Konfirmantåret byrjar i september og konfirmasjonsgudstenesta blir i mai 2021, etter nærmare avtale med dei involverte. Undervisninga følgjer opplegget TenTro som er velprøvd og godt, og er eit samarbeid mellom Frikyrkja og Pinsekyrkja i Volda. Ein treng ikkje vere medlem for bli med.

Om du skal vere med som nettmøte deltaker så foregår det i Google meet.

Om du bruker telefon eller nettbrett må du laste ned google meet-appen for å vere med. Om du bruker PC eller mac må du bruke nettleser av typen google chrome for å få det til å funke. Så trykker du på linken under her for å kome inn og når du er inne i nettmøtet så må du trykke "bli med nå" for å bli med i det nett-rommet som informasjonsmøtet foregår.

Når du er inne må du også trykke på kamera-ikonet og mikrofon-ikonet dersom det er strek over disse, då blir du både sett og hørt. Dersom du treng hjelp til noko eller synes dette virkar vanskelig å forstå kan du ta kontakt på førehand for å få hjelp. Kontakt Sølve Hatlen tlf 41923251.

For å bli med i videomøtet, klikk på denne linken: https://meet.google.com/vef-ztgk-npi