Fairtrade avtale

Innleiing

Volda kommune er sertifisert som Fairtrade-kommune. Dette er ein status for kommunar som engasjerer seg for ein meir rettferdig verdshandel, og det er ein status som forpliktar. Styringsgruppa for Fairtrade Volda og Ørsta arbeider difor med å

  1. tilby innbyggjarane i kommunen Fairtrade-produkt på så mange stader som råd
  2. drive eit aktivt informasjonsarbeid for å fremje salet av Fairtrade-merkte produkt.

Engasjementet krev samarbeid mellom kommune, næringsliv, bedrifter, organisasjonar og innbyggjarar.

 

Vilkår

Volda Frikyrkje  støttar arbeidet med å vidareutvikle Volda som Fairtrade-kommune. Difor forpliktar vi oss til å bruke Fairtrade-merkt kaffi  til dei tilsette og  gjester i lokala våre. Godt synleg merking vil gjere det tydeleg for alle at dei drikk Fairtrade-kaffi. Vi vil også undersøkje om vi kan kjøpe andre Fairtrade-merkte produkt.

Informasjonsarbeid er viktig i ein Fairtrade-kommune. Difor vil bedrifta/ arbeidsplassen vår ha som mål at alle tilsette kjenner til merkeordninga Fairtrade, og kva garantimerket betyr.

Avtalen kan seiast opp til ei kvar tid av bedrifta/ arbeidsplassen, men ein har då plikt til å informere styringsgruppa om dette.