Grøn kyrkjelyd
Volda Frikyrkje vil bli

Grøn kyrkjelyd

Verda står overfor store miljø- og klimautfordringar. Det er lett å bli handlingslamma eller å leggje ansvaret over på andre. Som kyrkje er vi kalla til å vere gode forvaltarar av Guds skaparverk og Jesu Kristi etterfølgarar. Derfor må vi heile tida bli flinkare til å handle berekraftig.

Våren 2013 vedtok kyrkjelydsmøtet at Volda Frikyrkje skal jobbe mot å verte Grøn Kyrkje. Eit utval er satt saman for å legge fram ein handlingsplan og se til at planen vert gjennomført. Vi har fått ein plakat med 50 punkt fordelt på 7 ulike kategoriar, for å verte Grøn Kyrkje må vi oppfylle minst 25 krav og minst 2 frå kvar kategori. Utvalet har foreslått at vi jobber for 31 av desse punkta i første omgang. Mange av krava oppfyller vi allerede. Eldsterådet og utvalet ynskjer mest av alt at vi får ein kyrkjelyd med miljømedvitne medlemmar.

Plakaten heng på kyrkjetorget og dei aktuelle arbeidsområda vert presentert på kyrkjelydsmøtet 2.sept.2013 kl.19.30

Eli Hatlen 48090157 er valt til Klimakontakt for Volda Frikyrkje.