Haustsemester i Volda Frikyrkje
Vel møtt!

Haustsemester i Volda Frikyrkje

No kjem gudstenestelivet i gang igjen for fullt. Dei tre komande søndagane er det gudsteneste i kl 11 med søndagskule kyrkjekaffi og fullt liv. Så er det kyrkjelydsweekend på Orreneset 9.-11.sept.

Det er mykje å glede seg til i haust! Gudstenestelivet er pulsen i felleskapet. Men det er også mykje som skjer langsmed, gjennom vekene, og i helgane. Husgruppene startar opp att, open barnehage på onsdagane, fredagsklubb 1.-4klasse og 5.-9.klasse, bandøvingar, ungdomsgruppeaktivitet, prosjektkor. I tillegg blir det kyrkjelydsweekend på leirstaden Orreneset i Sykkylven, det blir basar i oktober, Hallovenn i november, Järlestrand konsert med prosjektkor i desember og kanskje dukkar det opp ei overrasking eller to i løpet av semesteret også, kven veit:-) Kalenderen vil fylle seg opp med alt som skal skje i løpet av den nærmaste veka, så det er berre å følgje med.

Relaterte dokumenter