Kvinnenes Internasjonale bønnedag
Kollekt til Cuba prosjekt

Kvinnenes Internasjonale bønnedag

4.mars kl 18.00
I Volda har denne bønnedagen blitt markert i ei årrekke, der organisasjonane og forsamlingane har bytta på å halde møte. I år blir møtet i Volda Frikyrkje.

Sidan 2011 har Noreg hatt ein nasjonal komité for feiringa av denne dagen , som blir markert i heile landet. Kvart år blir det samla inn til eit prosjekt under Bibelselskapet sitt bibelmisjonsarbeid. Bønnedagen har i år fokus på Cuba; å forebygge familievald, og å hjelpe dei som er offer. Familievalden på Cuba har auka dramatisk etter den økonomiske krisa på 90-talet. Bustadmangelenhar ført til at tre generasjonar ofte bur ilag på liten plass. I ei nasjonal undersøking oppgav 52% av born og unge mellom 7 og 15 år at dei opplevde fysisk eller psykisk vald heime. Innsamla midlar under årets bønnedag går utdanning av kurshaldarar som vil løfte problemstillinga opp i lyset, formidle håp, og undervise og vegleie barn og vaksne.

Vel møtt fredag kveld!