Vandregudsteneste for små og store
30.aug kl 13.00

Vandregudsteneste for små og store

Møbelringen - Åsen Tunet
Søndag 30.august samlast vi til felles gudsteneste frå kyrkjene i Ørsta og Volda. Både den norske kyrkja og frikyrkjene tek del i samarbeid med Kirkens Nødhjelp. Tema for gudstenesta vert KLIMA. Etter vandringa er det høve til å nyte kafetilbodet på Åsen-tunet, og kl 15.00 kan ein vere med på klimaseminar der sentrale politikarar er samla til debatt og samtale. Det vil vere barneopplegg under seminaret.

Gudstenesta startar klokka 13:00 frå Møbelringen i Hovdebygda. Her vert det ei kort orientering før vi legg ut på ei lita vandring mot Aasentunet. Undervegs vert det felles stopp for liturgi, bøn og song. Langs vegen vil vi møte bilete, installasjonar forteljingar og andre ting som viser oss nokre av utfordringane menneske møter når  klima endrar seg. Samstundes vil vi se og oppleve at det nyttar! Vi kan skape endring, vi kan snu ei utvikling, vi kan ta vare på jorda vår, men det hastar – det kostar – og det nyttar! Vi høyrer til i eit globalt fellesskap, både som kyrkjer og som menneske. Vi deler den same jordkloden og har saman eit ansvar for å forvalte skaparverket til beste for oss sjølv og for komande generasjonar.

Gudstenesta er lagt opp for familiar, og vi vandrer på asfalt heile vegen. Så det er inga hindring for dei som treng  hjul! Gudstenesta ender opp i Assen tunet. Her vil kafeen vere ope for sal av kaffi og kaker til kyrkjekaffien.

Rett etter kyrkjekaffien – ca klokka 15:00 vert det klimaseminar. Sentrale politikarar er inviterte til debatt og samtale i ute-amfiet ( inne, om veret er vått) leia av ein representant for Kirkens Nødhjelp.

Det å forvalte jorda sine ressursar på berekraftig vis, slik at klima og miljø ikkje tek skade, og ressursane ikkje blir sløsa bort eller urettferdig fordelt, det er eit politisk sak. Men det er også fletta inn enkeltmenneskets liv og ansvar på alle måtar. Det fortavtrykket vi etterlet på moder jord, har vi eit medansvar for. Difor ynskjer vi å lytte til dei utfordringane vi som samfunn og nasjon står overfor og vi ynskjer å gje politikarane mot og musklar til å føre ein god og rettferdig miljø og klima politikk.

Kom og bli med i samtalen!

Under seminaret vert det eige opplegg for borna.

 

Begge arrangementa  finn du på facebook: "Vandregudsteneste og klimaseminar i Ørsta/Volda" Lik og del gjerne sida!