HalloVenn 2018, ei alternativ Halloween-feiring
HalloVenn vert arrangert i Volda for tiande året på rad! Også i år vert det i Volda Frikyrkje 31.oktober kl. 1730 - 1930. Påmelding inne i artikkelen
Les meir
Facebookside - Volda Frikyrkje Gode bøker
Volda Frikyrkje har oppretta ei Facebookside som heiter Volda Frikyrkje – Gode bøker. Der kan ein dele gode bokopplevingar og tipse andre om gode bøker ein har lest. Mange av oss er glade i å lese, og då er det kjekt å få tips om gode bøker. Det er ikkje alltid lett å orientere seg i mylderet av bøker, og mange bøker veit ein ikkje om finnes ein gong. Har du lest ei god bok som du vil anbefale for andre….. Skriv litt om boka her, og så kanskje andre får lyst til å lese den. Skriv heilt kort kvifor du vil anbefale boka og kva den handlar om. Sida blir ikkje betre enn vi sjølve lagar den, og det ligg ikkje fleire bøker der enn vi sjølve legg ut. Vi har også satt opp ei lita bokhylle i kyrkja. Dersom nokon har lyst å låne bort ei bok ein sjølv har lese til andre, så kan ein berre sette den der. Skriv gjerne namn i slik at ein veit kven som eig boka. Ved sidan av bokhylla heng det ein tidsskrifthaldar. Her kan ein sette tidsskrift når ein t.d. sjølv har lest dei. Underteikna abonnerer på Strek og Agenda 3.16. I staden for at dei blir liggande på loftet når eg har lest dei, så kan dei like godt stå i kyrkja slik at andre også kan bli berika av dei. Kan anbefale begge tidsskrifta veldig. På hylla heng ei skrivebok som ein kan skrive opp bøker og tidsskrift ein har lånt. Kanskje kan vi etter kvart lage eit lite bibliotek i kyrkja……
Les meir
Plutselig er sommaren snart over, og eit nytt haustsemester ligg foran oss. Vi ynskjer å starte også dette semesteret med bønn og inviterer alle til bønnemøte tirsdag - fredag denne veka, kl 21 - 22 i kyrkjesalen. Sølve leier alle møta. Velkommen til bønn og til stillheit. Om ein har ei tekst, ei oppleving eller eit ord frå Gud som ein har lyst å dele, om det er noko ein vil be om eller takke for, om ein vil be om forbønn, eller berre vil vere tilstade…...så er ein hjertelig velkommen tll det. Resten av hausten blir det bønnemøte kvar torsdag på same tidspunkt.
Les meir
VELKOMMEN TIL SKAPARVERKETS DAG 27. MAI PÅ BONDALSEIDET SPORTSKAPELL. Friluftsgudsteneste kl 11.00. Tale ved Sølve Hatlen. Kyrkjekaffi etter gudstenesta. Arr. Volda og Ørsta frikyrkjer, Ørsta indremisjon og Den norske kyrkja – Hjørundfjord, Ørsta og Volda sokn.
Les meir
Velkommen til Jonsokfeiring i Austefjorden 23. juni, på same staden som for 3 år sidan. Bål - grilling - lotteri - leikar. Det kjem meir informasjon om tidspunkt o.l. seinare. Arr: Gutteklubben Fri
Les meir
Husstyre har hatt 2 møter. På fyrste møte blei det laga ei prioritert liste over ting vi ville jobbe med i 2018, i 2019 og kva vi ville utsette til 2020. Fram til 2. møtet blei faktorar som kostnad o.l. undersøkt. På bakgrunn av innhenta informasjon blei det laga ei ny prioritert liste som ein kan sjå under. 2018 vår: - Måle nyekyrkja utvendig - Kjøpe kjølehjørne på kjøkenet - Kjøpe kodelås på dører - Infotavle i gangen - Lage rutiner for bruk av kjøkken - Bibliotek kyrkjekaffisal - Nedvask av kjøkken. 2018 haust: - Måle gamlekyrkja utvendig - Nytt golv i yttergangen - Pusse opp dame- og herretoalett - Infoskjerm i gangen. 2019 - Lyd-demping tak i kyrkjekaffisalen - Kjøkkenbenk på kyrkjekaffiromet (mot vegg kjøkken). 2020 - Vurdere uteplass mot nord - Vurdere plen mot vest - Vurdere utviding av parkeringsplass mot sør - Vurdere hellinga ned mot vegen. Uprioritert liste - Videokanon på bakvegg – til forsongarar. Før vi begynner på eit prosjekt skal vi alltid lage eit kostnadsoverslag. I 2018 har vi til rådigheit kr 40 000 frå investeringskonto og kr 20 000 frå kjøkkenkonto. Vaktmeisterteam: Vi har planlagt å opprette eit vaktmeisterteam der ulike personar har ulike ansvarsområde, t.d. for varmepumpe, lydanlegg, nettverk, HMS, grasklipping og lys og varme. Beskjeder kan formidlast til kontorleiar, og så formidlar han vidare til rett person. Helsing Sverre (leiar), Mari, Hans Ottar og Kjell
Les meir
Velkommen til konfirmasjonsgudsteneste laurdag 12. mai kl 11. Samtale med konfirmantane Song ved Cecilie og Håvard Edinsen Lovsangsteam leia av Maria Tøsse Tale ved pastor Sølve Hatlen
Les meir
Synodemøte i 2017 vedtok Frikirkens målplan for 2018 - 2023. Planen skal hjelpe oss å fokusere på dei viktigaste tinga dei neste åra. Det er formulert 3 hovedpunkt: Jesus i kvardagen, Jesus til nye generasjonar og Jesus til nye menneske. Det heng brosjyre i Frikyrkja med meir informasjon, eller så kan ein klikke seg inn på frikirken.no og lese meir.
Les meir
6.-8. april var Jørund, Sølve og Kjell på læringsnettverksamling i Hånes Frikirke i Kristiansand, saman med 5 andre frikyrkjer frå Sunnmøre og sørlandet. Tema for samlinga av endringsledelse. Vi jobba oss igjennom mange øvingar der fokus var bl.a Innovasjonskraft, struktur, motstand, barriærer, bygge kultur, lederoppfølging. Det heile munna ut i ein handlingsplan i 7 punkt som vi skal jobbe med fram til ny samling i oktober 2018. Det var ei hektisk, men svært lærerik samling som vi håper og trur skal kome kyrkjelyden til gode. Handlingsplanen ligg vedlagt.
Les meir
Velkommen til Basar og minikonsert
Basaren opnar med minikonsert med gruppene Con Moto og Spiritoso Con Moto er ei gruppe musikarar som går på vidaregåande. Spiritoso (bilete) består av Daniel, Ingrid Ovida, Anna, Torstein og Ina. Ein så bra start på basaren har vi aldri hatt før, og vi håper mange kjem og får med seg konserten. Etter konserten opner vi kafeen og det blir muligheit til å få kjøpt seg gode og smakfulle kaker frå eit rikhaldig kakebord, assorterte smørbrød, pølse i brød eller laurdagsgraut med litt saltmat til. Andakt ved Elin Torkildsen Som alltid på basar vert det tombola og åresal der ein kan vinne mange flotte gevinstar. Minst like kjekt som å vinne noko er det å slå av ein prat med kjentfolk eller folk ein ikkje kjenner. Vi har allereie fått inn mange gevinster. For dei som ikkje har fått levert gevinstane så er det folk i kyrkja på torsdag 18 -19 og fredag 18 - 20. Ber også om at alle sjekker dugnadslistene.
Les meir
Program
Sep23
Gudsteneste
Søndag 23. September, 11:00
Gudsteneste
Sep26
Volda opne barnehage
Onsdag 26. September, 09:30
Sep27
Bønnemøte
Torsdag 27. September, 21:00
Sep28
Fredagsklubb/Legoklubb 5. - 10. klasse
Fredag 28. September, 19:00
Sep30
Generasjons-gudsteneste
Søndag 30. September, 11:00
Gudsteneste
Okt1
Kveldssamling m/ Åsa Forngren Thorstvedt & Torstein Thorstvedt
Mandag 1. Oktober, 00:00
Info e-post