Open barnehage i Volda Frikyrkje

Open barnehage i Volda Frikyrkje

Velkomen til Volda Opne Barnehage, Ope kvar onsdag kl. 09.30 – 15.30.

Kva er Volda opne barnehage

  • Ein  open barnehage skil seg frå vanlige barnehagar ved at ein ikkje får tildelt plass, men ein kan kome og gå som ein sjølv vil innanfor barnehagen si opningstid.
  • Barna er i barnehagen saman med foreldra eller andre vaksenpersonar. Desse har ansvar for borna medan dei er i barnehagen.
  • Sidan foreldra er saman med borna er barnehagen like mykje ein møtestad for vaksne.
  • Vi er eit leike og samværstilbod for barn i alderen 0-6 år
  • Barnehagen er gratis, men vi tar kr 20,- pr familie som skal gå til å dekke lunch, kaffi og te.
  • Vi abonnerer på ” Foreldre og barn” – gamle eksemplar kan ein låne med seg heim
  • Bruken av open barnehage har ingen innverknad på utbetaling av kontantstøtte
  • Barnehagen er eigd av Volda Frikyrkje og har utvida kristen formålsparagraf
  • Barnehagen er open kvar onsdag mellom 09.30 og 15.30
  • Vi fyl skuleruta og held stengd når skulen er stengd.

                               

Dagsrytme

09.30 barnehagen opnar – frileik

11.00 Samlingsstund eller songstund

11.30 Lunch

12.00 Frileik / formingsaktivitetar / soving/ fysisk aktivitet

15.00 Ryddetid

15.30 Barnehagen stenger

Tidspunkta kan variere litt.

 

Styrar: Kjell P. Wiik

Daglig ansvar og førskulelærar: Gunn Vindspoll

Reinhaldar: Aryam Mesfin

 

Kontakt:

e-post: kjell.wiik@tussa.com

mobil: 90 177 297

heimeside: voldafrikyrkje.com/barnehage

Vi er også på Facebook