Du er velkomen

Volda Frikyrkje er eit fellesskap av menneske i alle aldrar. Vi ynsker at alle typer menneske skal kunne finne sin plass i fellesskapet hos oss. Saman er vi Volda Frikyrkje,
eit fellesskap på tvers av generasjonar og livssituasjonar det møtepunkta innbyr til levande og livsnære relasjonar.
Vi trur at kyrkja først og fremst er menneska som kjem til kyrkja og vil engasjere seg. Born og unge har ein spesiell plass i kyrkjelyden, og gjennom fleire år har vi bygd opp eit godt tilbud for alle aldersgrupper. 

Volda Frikyrkje har varierte gudstenester omtrent kvar søndag, etterfulgt av kyrkjekaffi. Gudstenestene våre er opne for alle som ynskjer å delta. Resten av veka foregår det ulike aktivitetar for store og små. Les meir under møtepunkt.

 

Volda Frikyrkje høyrer til Den Evangeliske Lutherske Frikyrkje i Noreg.
Kyrkjelyden vert leia av eldsteråd og diakonråd som er valgt av kyrkjelydsmøtet.
Sølve Hatlen er pastor (80%) og Kjell Wiik er kontorleiar (20%). 
Verksemda er basert på frivillig teneste og er i stor grad finansiert gjennom gåver frå medlemar og besøkande.

Bli medlem?

Vår historie

Volda Frikyrkje vart stifta i 1993 etter fleire års utpostvirke frå Ørsta Frikyrkje, i starten var det 20 medlemar.
Hausten 2012 kunne vi innvie ny kyrkjesal. Den nye kyrkjesalen har plass til ca.250 personar og har også frigjort delar av det gamle kyrkjebygget og gjort det meir funksjonelt i forhold til aktiviteten i kyrkjelyden. I 2020/2021 held vi på med eit spennande prosjekt med å utvide og fornye kaféen i kyrkja  I dag har vi passert 140 medlemar og er ein kyrkjelyd full av liv.

 

 

Powered by Cornerstone